Kulturpris til ein kulturbauta
Frå v: Ordførar Solveig Vestenfor, kultursjef Hilde Bjørnsvik, kulturprisvinnar Thor Warberg og leiar i SUKO; Ola Terje Oleivsgard

Kulturpris til ein kulturbauta

Han var invitert til kommunestyremøtet for å følge ei heilt annan sak, men vart framkalla til å ta i mot Ål kommune sin kulturpris for 2018
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 21.03.2019 21:25
Sist oppdatert : 21.03.2019 21:49

Her er det leiaren i SUKO sa til prisvinnaren i kommunestyret torsdag kveld. Det er skrive på tilnærma halling.

 

Ja, olførar, kommunestyre å tehøyrara. De på høg ti å dele ut kulturprisen for 2018. Ja, de e egentle mykji på åverti, sea detta e noko som pla skje i desembermøte. Å de va ikkje slik at SUKO gløymde burt heile greia i novembermøte, får kulturprisvinnarn vart bestemt då, te stor samstemmiheit. Den enkle forklaringji e at hovvuperson beint ikkje va i bygde den tie, å de e noko me at de e mest stas å jera stas på folk som e te staes..!

Kulturprisen for 2018 vil heidre nemmast eit heilt liv me frivillig arbeid, den ska lyfte fram at Ål ha mottikji så mykje frå denne personen gjennom sin stendie virkelyst inna kulturfeltet at de te fulle kvalifisera te ein kulturpris. Me vil heidre ein dugnadsinnsats som svært mange lag tå svært ulike slag har nytt godt av, møte etter møte, dag etter dag, år etter år. Me vil berømme ein nyfikenheit å eit vitebegjær sånn ha jeve uss alle ny kunnskap om veldig mykje. Me vil takke for ein svært variert skriftleg produksjon, gjennom bøker og artiklar, alle prega av grundig arbeid.

De virke som kulturprisen i år skal heidre minna meg litt om det bilde iallfall e har tå den trauste gammaldagse hallingbonden, som driv på i det stille, stenndi arbeid, stein på stein, me respekt for arbeie, der rydningsrøysane te slutt står at som minnesmerkju over ein veldig innsats. Men her e de ikkje røysa som bli bygd opp, men kunnskap. Å særle vokstern som kunnskapen om lokalhistoria vår har vorte til del gjennom dette virke må framhevast her. Kulturprisvinnarn 2018 dreiv faktisk som bonde eit heilt liv, men det er som lokalhistoriker me fyrst og fremst kjenne han, og den kunnskapen han har tileigna seg om historia i Ål, Hallingdal og Norge går nok uttapå oss alle, ja, han e nemmast vorte ein institusjon i se sjål. De e slik sett meir enn høgda hass som gjev høve te å dra samanlikningi med ein bauta.., men sjål om han e høg han Thor, så kjenner me han ikkje som høglytt, men stillfarande og høvisk, me respekt også for dei han møter. Thor Warberg har gjort så mykje, lært oss meir, og lagt ned slik ein innsats på kulturfeltet i Ål, frå Museumslaget via Kunstforeiningen til Bygdearkivet at de nemmast e urå å trekkji fram noko framom noko anna, men storarbeidet hass med Ål bygdesoge- slektssoga er av det som sjølvsagt vil stå att som nettopp det; eit storarbeid med verkshøgd i forskarsamanheng. Bøker om kunstmålarar, anleggsarbeid og musikkgrupper og jubileumsbøker vitnar me om allsidighet, og arbeid prega av ein genuin glede over å kartleggje, sjå samanhengar og dokumentere, kombinert med eit heilt grunnlejjande syn om at alle betadn har likeverd i det store puslespelet som e historia vår. Han er ein enorm kunnskapsbase for oss alle, å ein som de på eit vis kjennes ut som ein som liksom alltid har vore ein del av kulturlivet i kommuna, for du ser han overalt, deltakande, engasjert og blid. Me tildeler me dette kulturprisen 2018 for Ål kommune te Thor Warberg, som ein takk for alt han har gjort, og som ein takk på fyryhand for de han vonale kjem te å gjera i åra som kjem!








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS