Me dra i gang att!
Black Horses frå øvre Ål møter du i kveldens magasin

Me dra i gang att!

Så berst det laust att på 34. året med radio for hallingar og andre - på FM bandet og på nett finn du Radio Hallingdal
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 17.08.2018 18:54
Sist oppdatert : 17.08.2018 19:01

Fredagsmagasinet har vore RH sitt faste program sidan starten i 1985 og er stadig på plass med intervju, reportasjar, god musikk og underholdning utover natta.

I kveld vil du dei fyrste to timane kunne låne øyra til norsk dansebandmusikk og til norsk country, Så kjem ein større reportasje om Langedrag sitt 40 års jubileum som vart feira ei veke sidan. Me skal ha siste nytt om ulven som rek omkring i Hallingdal for tida, me skal innom eit par arrangement, Geilotundagane på Geilo og det store veteranbiltreffet på Nes. Så bla me som alltid litt i arkivet og me kan i kveld by på Oddemann som spelar steinkaku og fortel.

God lytt - følg med oss på nett og fjesbok.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS