Forbodet mot open eld er oppheva.
Illustrasjonsfoto.

Forbodet mot open eld er oppheva.

Nedbøren siste tida og forventa nedbør gjer at forbodet mot grilling og open eld no er oppheva i Hallingdal
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 07.08.2018 19:08
Sist oppdatert : 07.08.2018 19:15

Dei to brannsjefane i Hallingdal seier i ei pressemelding at dei er svært nøgde med publikum sin respons på forbodet som vart innført 4. juli. MEN det er viktig å ta med seg at det generelle forbodet mot å gjera opp eld i utmark står ved lag fram til 15.9. Det forbodet som er oppheva gjeld innmark og hagar.

Det har i alt vore 60 utrykkingar i løpet av forbodsperioden, og berre to av dei har vore til skogbrannar - dei fleste har vore for å slokke bål eller sjekke om det var open eld der det vart meldt om slikt.

Men no kan du altså tenne grillen att.................








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS