Seterprisen 2018 til Hallingdal
Hans Bondal, leiar i Norsk seterkultur delte ut prisen til representantar for Budeinettverket, f.v.: Anne Lise Søndrol, Fagerdalen støl, Trine Lilleslåtten, Jacobsplass, Åse Liv Hamarsbøen, Hamarsbøen seter. Kjersti Stenberg, Prestholt geitestøl og Kari Nedremyr, Nedremyrstølen. Foto: Katharina Sparstad.

Seterprisen 2018 til Hallingdal

Stolte budeier frå Hallingdal kunne laurdag ta i mot Seterprisen for 2018
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 12.03.2018 09:25
Sist oppdatert : 12.03.2018 09:28

Seterprisen 2018 vart utdelt under Norsk seterkultur sin fagdag på Gol laurdag 10. mars. I grunngjevinga frå juryen, Hans Bondal, Norsk seterkultur, Solveig Linge Stakkestad, Norges Bygdekvinnelag og Nils Asle Dolmseth, Tine, heiter det at dette nettverket har synleggjort stølsdrifta i Hallingdal på ein fin måte. Gjennom samarbeid og nettverksbygging  har dei gjennom mange år vore  ein møteplass for vidareutvikling av stølsdrifta. Dei har marknadsført stølsprodukt og opplevingar, som byggjer opp under dei viktige verdiane som fjell-landbruket og stølskulturen representerer.

Juryen ser det som positivt at det også  blir satsa på slike samarbeidsnettverk i arbeidet  for å ta vare på tradisjonane. Samtidig vil det sikre praktiske og økonomiske rammer både for «volumproduksjon» og mjølkeforedling på stølane, og utvikle ny næringsverksemd tufta på den gamle stølskulturen og formidle denne verdfulle delen av landbruket. Dei levande stølane som nettverket arbeider for er også viktige element for reiseliv og friluftsliv i Hallingdal.

Det er juryens håp at Seterprisen 2018 skal inspirere til vidare innsats for stølslivet i Hallingdal








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS