Linje for anleggsteknikk til Hallingdal
Illustrasjonsfoto

Linje for anleggsteknikk til Hallingdal

TIl komande opptak av elevar til vidaregåande vil det høgst truleg vera tilbod om maskinførarutdanning ved ÅL vidaregåande.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 10.01.2018 13:55
Sist oppdatert : 10.01.2018 14:03

På eit møte sist vinter mellom ÅL vidaregåande og maskinentrepenørar i Hallingdal vart det klart at begge partar var sterkt interesserte i å få etablert utdanning for blant anna maskinførarar ved skulen på Ål. Etablering av anleggslinja er no godkjent av fylket. Det blir ei linje med 7 elevar som då skal ha ein god del av undervisinga ute hjå entrepenørar i Hallingdal. I dag må elevar som vil utdanne seg innan anleggsteknikk flytte til Kongsberg, Våler eller Os for å få slik utdanning.

RH har prata med Ole Bjørn Øygard hjå Øygard as og med Stig Boholm frå Ål vidaregåande, og dei er begge svært opptekne av at linja kjem i gang frå hausten, Det blir eit avgjerande møte med entrepenørar frå Hallingdal neste veke.

Intervjua kan du høyre i PÅ heimveg onsdag eller i Fredagsmagasinet.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS