Kulturhusutbygging til 56,7 millionar

Kulturhusutbygging til 56,7 millionar

Formannskapet på Ål skal møtast til ekstramøte 11. desember for å koma med ei endeleg tilråding overfor kommunestyret om utbygginga av kulturhuset
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 04.12.2017 13:18
Sist oppdatert : 04.12.2017 13:43

Rådmannen si tilråding vart lagt fram måndag og er slik:

Rådmannen si innstilling: Ål kommune vedtek følgjande omfang og kostnadsramme for kulturhusutbygginga: 1. Utbygginga inneber ei totalramme på kr 56,7 millionar eks mva, der Ål kommune sin eigenandel er inntil kr 30 millionar eks mva.» 

2. Entreprisekostnad for utbygging og ombygging som skildra i alternativ 1: Optimalisert prosjekt. Dette alternativet inneheld areal i samsvar med vedlagte romprogram og teikningar:   a. Landsdelscene for dans  b. Nye lokale kulturskule c. Nytt bibliotek  d. Nye lokale Vaksenopplæring e. Nye lokale Frivilligsentralen,  f. Flytting av Nesch-museet.  g. Sentrale lokale for Ål utvikling

3. Kostnadsramme for entrepreprisekostnaden er på inntil kr 40,4 mill eks mva 

4. I tillegg vert det avsett midlar til branntiltak i eksisterande bygg kr 270.000 eks mva

5. Arbeid med fortau og miljøsone langs Sundrejordet vert avsett frå midlar til trafikktryggleik i 2019 kr 340.000 eks mva

6. Inntekt av Sal av eigedom 110/186 «Doktorn» skal gå til nedbetaling av lån. 

Du kan lesa heile saka her: http://sru-aal.azurewebsites.net/api/utvalg/209721/moter/354289/behandlinger/1/0


 
 






Annonse:
ustekveikja


Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS