100 år med bøker
Jubileumsfeiringa starta med lurblåsing av Ola Perstølen.

100 år med bøker

Torsdag ettermiddag var det stor feiring av 100 årsjubilanten Perstølen/Norli på Ålingen.
Aktuelt
Rita Stavn
Publisert : 27.10.2017 18:53
Sist oppdatert : 27.10.2017 19:12

I 1917 bestemte Ola Perstølen seg for at han ville starte bokhandel på Sundre. Han hadde ei tid drive skreddarverkstad og blant anna levert uniformer til NSB. I følge Ola sjølv var ikkje bokhandeldrifta det som kasta mest av seg dei fyrste åra,  men Ola var også ein stor idealist som meinte det var viktig at folk på bygdene også fekk tilgang til gode bøker.

Etterkvart tok interessa for bøker seg godt opp. Det vart opna eige forretningsbygg i 1957 – eit etter tida stort og svært moderne bygg. Etterkvart vart det slik at Perstølen overtok bokhandlane både på Gol og Nes og i dag er Perstølenbutikkane ein del av Norlikjeda. Men framleis står lokale dyktige folk for drifta. Torsdag ettermiddag vart jubileet feira med musikk og helsingar, mat og drikke.

Fredagsmagasinet har intervju med Tordis Perstølen og andre innslag frå tilstellinga.

Videosnutt frå med Ola Persølen på lur og Thorleif Stave på torader.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS