8 medaljer til Hallingdal
Ein av gullvinnarane, Leirgrøv frå Hol ysteri. Foto: Knut Medhus

8 medaljer til Hallingdal

Norsk gardsmat har kåra medaljevinnarar i ymse klassar under Norsk matstreif i Oslo fredag og Hallingdal kom godt ut
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 22.09.2017 14:51
Sist oppdatert : 22.09.2017 15:49

3 gull, 3 sølv og 2 bronse er status etter fredagens kåringar. Av dei gjekk 2 gull, 2 sølv til Hol ysteri, Rueslåtten ysteri og Jakobsplass i Hol mens Himmelspannet i Hemsedal fekk 1 gul og 1 bronse. Rueslåtten fekk også 1 bronse.

Gullostane er Rauberg frå Himmelspannet i Hemsedal, ekte geitost frå Jakobsplass i Skurdalen og kvitosten Leirgrøv frå Hol ysteri. Sølvvinnarane er Solglad frå Himmelspannet, Prestholt geitost frå Reidar og Kjersti Stenberg og Rød Geit frå Rueslåtten ysteri.  Bronsemedalje fekk Nye Geiteberget frå Himmelspannet og kvitosten Storevelten frå Rueslåtten ysteri

Intervju med nokre av vinnarane i fredagsmagasinet








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS