Coop Sunhov årets komet
Styrar ved Coop marked Sunhov - Geir Knudsen

Coop Sunhov årets komet

Kvart år blir butikkar innan Samvirkelagssystemet nominert til ulike prisar, blant anna kva for butikk som har hatt størst framgang i handelen,
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 10.07.2017 13:02
Sist oppdatert : 13.07.2017 12:00

Overrekkinga av dei ulike prisane går for seg på samlingar der alle innan same området er tilstades og ingen veit noko som helst før vinnarane blir ropt opp. Blant dei som denne gongen fekk seg ei positiv overrasking var styraren ved Coop marked Sundhov i Hovet, Geir Knudsen. Han kunne entre scena og ta i mot prisen for den butikken som hadde vokse mest i 2016 innan Coop Norge SA. Sunhov vart kåra til årets komet innan sin kategori.

RH gratulerer både til butikken og til kundane!








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS