Kven får siste finaleplassen?

Kven får siste finaleplassen?

I kveld tysdag blir det avgjort kven som blir siste finalisten i årets KVM
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 23.05.2017 14:14
Sist oppdatert : 23.05.2017 14:21

Geilo 2 er klar med sitt finalelag etter å ha slått ut Nes 2. I kveld møtest Nes 1 laget frå nabokommunen Flå for å kjempe om siste finaleplassen i årets Kven veit mest? tevling. Tevlinga har samla så å si alle sjetteklassingane i Hallingdal gjennom vinteren og laga har vorte utfordra på mangt eit felt.

I og med at Nes 2 glapp i forrige semifinale, er det vel grunn til å tru at Nes 1 kjem til å setja alle klutar til for å sikre seg den siste plassen.......... Men Flå har også eit lag med store kunnskapar har det vist seg så langt, så me reknar med ein hard og jamn kamp i kveld.

Sendinga startar kl 2000 og går direkte frå kommunehuset på Gol








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS