Full fart i arbeidet med reiselivsskole på Geilo
Representant frå Tinius Olsen på Kongsberg og Roger Espeli er meir enn startklare for reiselivsskolen på Geilo.

Full fart i arbeidet med reiselivsskole på Geilo

Møtet på Geilo torsdag om dette prosjektet avslørte at det er ein sterk og samla vilje for å få dette til i løpet av eit par år.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 12.05.2017 19:43
Sist oppdatert : 12.05.2017 19:56

Ei samla turistnæring på Geilo står bak prosjektet som no har teke plass i startgropa og har klare mål. No skal det utarbeidast dei nødvendige søknadar til ulike organ som skal godkjenne slike tiltak, og med Buskerud fylkeskommune som medspelar har dei eit ekstra godt utgangspunkt. Kor mange linjer det vil bli snakk om til slutt er sjølvsagt ikkje klart enno, men det var skissert behov for 4 til 6 linjer innan ulike greiner av hotellfaget.

Det er også investor som har meldt seg interessert i å bygge eller på annan måte skaffe nødvendig bygningsmasse til skulen.

Meir i Fredagsmagasinet med reprise måndag.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS