Lucky Lips på Hjørnet
Bandet Lucky Lips.

Lucky Lips på Hjørnet

Country med innslag av andre musikksjangrar vil møte musikkpublikumet som tek turen til Nesbyen og "På hjørnet" fredag 20. januar.
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 18.01.2017 18:03
Sist oppdatert : 18.01.2017 18:07

Hjørnet Live Nesbyen presenterer fredag 20. januar Lucky Lips.  Dei startar sin turnè hjå oss som så mange band før dei.   2016 har vore Lucky Lips sitt gjennombrotsår.  Frå å være eit veldig bra bluegrassband men med eit begrensa nedslagsfelt har dei ifrå debuten i 2011 utvikla seg til eit band med eit stadig breiare register.  Fjorårets album «Coming Home» er med på dei aller fleste lister over fjorårets beste Norske album og berre eit usedvanlig sterkt countryår står i vegen for ein spelemannsnominasjon.  Produsent Bror Forsgren med fortid i Jaga Jazzist og The Lionheart Brothers har utvilsomt lagt ei god hand på miksen og gitt bandet eit solid soundløft.

I 2011 fekk Lucky Lips prisen #1 European Bluegrass Band  i Nederland og dei to første albuma «Life without parole» og «Mountain Dust» var ein oppvisning i glitrande og heftig banjobluegrass.  Begge desse fekk solide anmeldelsar.  Med EP`en «Bethea Ranch» i 2013 (innspelt hjå Dave Gonzales-The Paladins) og no omtalte «Coming Home» har dei også nådd det publikumet som finn sin musikk kun på dei riksdekkande radiokanalene.  Tittelsporet nydelige «Coming Home» og førstesingelen «Through Everything» har begge blitt lista både på P1, P3 og P13, mens den kanskje tøffaste låta «Getting Out» er på lister over Årets Låt. 

Lucky Lips anno 2017 er eit solid retroband som leverer country, Americana, rockabilly, Westernswing og rock, framleis ispedd ein god kvarting bluegrass, med den største høghæla autoritet. Det svingar i assosiasjon frå Roy Orbinson, Dolly Parton, Fleetwood Mac, Eagles og Gillian Welch til rå 50-talls brylkremblues. 

Stemma til Malin Pettersen er perfekt til låtane, noko som jo kan komme av at ho har skrive dei fleste sjøl, men ho har verkeleg ein countryvokal av internasjonalt snitt.  Tekstane er til dels herlig sjangertru med mykje god sarkasme og humoristiske kjærleiksoppgjer som i Getting Out (….I`m sorry to say it but my heart`s now unemployed…) eller  «Quit Drinking» (…and now I`m gonna quit you…) og kvardagspoesi som «Eggs and Bacon». Saman med melodiane, framføringa og arrangementa gir dette musikk som gjer hjerte og øyre sysselsett og gir Lucky Lips og breie smil over heile lokale.  For dei dansevillige og rytmisk mottakelige vil det være umulig å unngå rykningar som fort kan gå over i eit overtydelig og uhemma kroppsspråk. 

 

Bandet består - utanom nevnte Malin Pettersen på vokal - av Stian Jørgen Sveen – Gitar/Vokal,  Erlend Støylen Hølland – Kontrabass/Vokal, Pål Emil Berg – Perkusjon og Even Reinsfelt Krogh – Banjo.

 

Lucky Lips let som dei elskar det dei driv med og vil garantert være å rekne med i norsk musikkliv i årevis framover.  Malin Pettersen har forsøkt seg både i Idol og Melodi Grand Prix – med hell - men er no definitivt på veg mot stjernene med Lucky Lips! På vegen dit kjem dei innom Hjørnet på Nesbyen!

 

Sjekk ut her

https://www.facebook.com/Lucky-Lips-8804547492/?fref=ts:

http://luckylipsband.com/








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS