Ber om auka tilskot til grendevegar.

Grendeutvalet for Holet og Moen ber ordføraren gjera det han kan for å få auka tilskotet til grendevegane i Hol som har gått svært mykje ned dei siste åra.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 12.05.2006 10:25

Grendeutvalet for Holet og Moen ber ordføraren gjera det han kan for å få auka tilskotet til grendevegane i Hol som har gått svært mykje ned dei siste åra.

Grendeutvalet er bedt om å engasjere seg i saka, og dei har no sendt eit skriv til ordføraren og viser i det til vedtak gjort i Hol kommunestyre i 1997 der handlingsplanen for busetjing i grendene vart vedteken. Her heiter det blant anna at tilskotet til grendavegane er eit viktig verkemiddel for å halde oppe grendene og tilskotet bør aukast monaleg i dei næraste åra.

Tilskotet har heller gått ned med bortimot 2/3 frå 1991 til 2005 peikar Grendeutvalet på, og dette er negativt med tanke på å få folk til å busetja seg i grendene mellom anna fordi eit kostbart vegvedlikehald fordyrar eit huskjøp.

Grendeutvalet vonar ordføraren ser problematikken og at kommunestyret ser samanhengen mellom vedtak som er gjort tidlegare og vedtak som skal gjerast i framtida.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS