Kunstinstallasjon i Hemsedal.
Rådmannen er positiv til å støtte ein søknad om å få installere ein klatrestein i Hemsedal sentrum.
Steinen skal støypast og vera om lag 4 meter høg og plasserast ved sida av Innkjøpslaget sitt bygg i sentrum av Hemsedal. Det skal belysast og vera til å klatre i og på for både barn og vaksne.
Steinen skal symbolisere Hemsedal si satsing på fjellaktivitetar - guida fjellturar, Topp 20, Via Ferrata, mange klatreruter i fjellet m.m.
Kostnaden med installasjonen ligg på om lag 225 000 kr og kommunen er bedt om å bidra med 30 000 kr, noko rådmannen meiner dei bør gjera då dette vil bli noko som markerer Hemsedal i turistsamanheng.
Ideen til kunstinstallasjonen kjem frå Leslie Ayres som sjøl er bilethoggar og internasjonal førar i fjellklatring.