Kaupang ikkje med på Buskerud AP si liste
Erik Kaupang. (Foto: Jan Robert Wick)

Kaupang ikkje med på Buskerud AP si liste

Fyrste forslaget til valliste for Buskerud arbeiderparti til Stortingsvalet 2017 vart sendt ut i dag. Heidi Granli er kandidaten frå Hallingdal som er høgst oppe - Erik Kaupang for Hol er ikkje med på forslaget
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 18.10.2016 15:05

Heidi Granli er på ein 6. plass. Veteranen Tore Bøygard frå Ål er på 9. plass. Avstemminga mellom medlemmene viste 223 røyster til Heidi Granli mens Erik Kaupang fekk 116. Same røystetalet har Kirsten Gjestemoen Hovda frå Uvdal som har siste plassen på lista.

No skal lokallaga koma med sine innspel før neste runde.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS