Brann i tunell på Rv 7

Politiet melder om brann i eit lastebil med tilhenger inne i Måbøtunellen.
Aktuelt
Rita Stavn
Publisert : 19.05.2016 20:07

Politiet melder om brann i eit lastebil med tilhenger inne i Måbøtunellen.

I følge politiet skal føraren av lastebilen ha kome seg ut av tunellen, men det er uvisst om det er fleire folk inne i tunellen. Nødetatane frå fleire stader i vest er på veg til tunellen og brannvesenet frå Geilo har også rykka ut. Helikopter er også rekvirert.

Brannen er om lag 200 meter inn i tunellen frå vestsida. Måbøtunellen er 1893 meter.

 

Bilistar på veg mot vest blir oppfordra til å køyre Fv 50

Oppdatering kl 20.42
Brannvesenet har vore gjennom tunellen. Det er ikkje fleire bilar. Ikkje noko tyder på at det er folk i tunellen.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS