Rekordhelg!

Håvard Bøkko har etter tidenes skøytehelg i Salt Lake City ei imponerande samling med rekordar
Sport
Knut Medhus
Publisert : 21.11.2005 09:30

Håvard Bøkko har etter tidenes skøytehelg i Salt Lake City ei imponerande samling med rekordar!

3 verdsrekordar er no den unge høveringen innehavar av, og ein må attende til Eric Heiden sine år for å finne at ein og same karen er innehavar av så mange juniorverdsrekordar! 5 norgesrekordar blir det også i samlinga og status skal vera slik:

Verdsrekordar: 1500 m: 1.46,07. 3000m: 3.43,66. 5000m: 6.18,93.
Norgesrekordar: 1000m: 1.10,57. 500: 36.33

Håvard er suverent beste junior i verda på allroundsida, og med formen intakt framover, blir det moro å følgje VM for juniorar! I dette kan ha få følgje av klubbkamerat Christoffer Fagerli Rukke som i helga viste styrken på Geithus der han persa på alle distansane på utandørsbane og vart klart beste junior i Norgescupen.  Neste store oppgåve for Christoffer kan bli å representere Norge under junior games i Italia om 14 dagar -uttak skjer ein av dei næraste dagane.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS