Gol til semifinale, men Geilo hakk i hæl.

Kvartfinalen i KVM på Radio Hallingdal tysdag kveld mellom Geilo og Gol vart så tett som den kunne bli.
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 17.02.2015 23:19

Kvartfinalen i KVM på Radio Hallingdal tysdag kveld mellom Geilo og Gol vart så tett som den kunne bli.

Som rimeleg er så var nervøsiteten stor hjå begge laga då det sto om  avansement til semifinaleplass. Kveldens spørsmål var også ein del vanskelegare enn dei som har vorte brukt tidlegare i og med at det no tek til å dra seg til. Men begge laga kom godt gjennom både vanskelege og mindre vanskelege spørsmål. Til slutt var det så tett at begge lag kunne vinne, men laget frå Gol drog sigeren i land sjølv om dei mista eit viktig poeng på siste spørsmålet.

Siste kvartfinale er 10. mars. Denne kvartfinalen kan du høyre om att onsdag kl 1500

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS