Fyrste semifinalist klar.

Tysdag kveld møttest Leveld og Nes skuler til dyst for å avgjera kven som skulle få koma med vidare til semifinalen i KVM
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 27.01.2015 22:21

Tysdag kveld møttest Leveld og Nes skuler til dyst for å avgjera kven som skulle få koma med vidare til semifinalen i KVM

Det var som det skal vera - to veldig spente lag med høg stressfaktor og godt humør klare til å svara på meir eller mindre vriene spørsmål for å koma seg til semifinalen. Og spørsmåla i kveld var ikkje lette, det viste poengsummane til slutt. Det vart ein del spørsmål med null poeng til begge laga, men Neslaget viste seg ganske snart å vera den beste poengsankaren denne kvelden. Dei gjekk også sigrande ut av runden og er dermed klare som det fyrste semifinalelaget i årets KVM runde. Programmet går i reprise onsdag kl 1500







Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS