Vil ha i gang sykkel - og langrennsprosjekt.

Regionrådsleiaren vil at dei tidlegare planlagte prosjekta omkring sykkel og langrenn skal førast vidare sjølv om Visit Hallingdal er historie.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 26.01.2015 11:01

Regionrådsleiaren vil at dei tidlegare planlagte prosjekta omkring sykkel og langrenn skal førast vidare sjølv om Visit Hallingdal er historie.

Saka skal handsamast av Regionrådet på fyrstkomande møte, og regionrådsleiaren tilrår slikt vedtak: 
 

1.a. Regionrådet for Hallingdal rår til at det blir løyvd 50% av kostnadane til sykkelprosjekt Hallingdal, innanfor ei øvre ramme på kr. 300.000.
Tilskotet blir finansiert av partnarskapsavtala med Buskerud fylkeskommune for 2015.
1.b. Visit Geilo skal vera prosjektansvarleg for sykkelprosjekt Hallingdal.
1.c. Styringsgruppe for sykkelprosjekt Hallingdal skal vera med ein representant frå kvart av destinasjonsselskapa i Hallingdal i tillegg prosjektleiar for Regionrådet sitt prosjekt Hallingdal 2020.
1.d. Før prosjektarbeidet blir sett i gang skal det utarbeidast posjektplan med organisering, som blir lagt fram for Buskerud fylkeskommune/Regionrådet.
1.e. Prosjektet skal vera avslutta i 2015.
2.a. Regionrådet for Hallingdal rår til at det blir løyvd 50% av kostnadane til profileringsprosjekt langrenn, innanfor ei øvre ramme på kr. 300.000.
Tilskotet blir finansiert av partnarskapsavtala med Buskerud fylkeskommune for 2015.
2.b. Ål Utvikling skal vera prosjektansvarleg for profileringsprosjekt langrenn.
2.c. Styringsgruppe for profileringsprosjekt langrenn skal vera med ein representant frå kvart av destinasjonsselskapa i Hallingdal i tillegg prosjektleiar for Regionrådet sitt prosjekt Hallingdal 2020.
2.d. Før prosjektarbeidet blir sett i gang skal det utarbeidast prosjektplan med organisering, som blir lagt fram for Buskerud fylkeskommune/Regionrådet.
2.e. Prosjektet skal vera avslutta i 2015.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS