Bibelmaraton i Hallingdal.

Siste dagane i januar skal det lesast høgt frå Bibelen i 80 timar på Gol
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 13.01.2015 10:28

Siste dagane i januar skal det lesast høgt frå Bibelen i 80 timar på Gol

 

Bibelen har ein unik plass i vår kultur og tradisjon. Me møter den i språklege vendingar i dagleglivet, i sitat i skjønnlitteraturen og i motiv i biletkunsten. Det lyder eit ekko av bibelske førestillingar når menneske protesterar mot urett og vald, eller når dei forsøker å snakke om kva som er rett.
Bibelen er ein uslåeleg rekordhaldar. Det er den boka i verda som er oversett til flest språk (pr. 2014: ca. 2.800 språk), det er den mest selde boka i verda (vert seld 50 biblar kvart minutt) og nokre meiner òg å sitje på tal som viser at det er den boka som vert stole mest!
Normisjonsforeiningane i Hallingdal, Normisjon og Acta (barne- og ungdomsorganisasjonen til Normisjon) regionalt i Vestfold/Buskerud arrangerer 29.januar kl. 09.00 – 1.februar kl.17.00 ”Bibelmaraton – 80 timer”. I løpet av desse 80 timane, kontinuerleg – og døgnet rundt, skal me lese oss gjennom heile Bibelen. Meir enn 300 personar vil delta som bibellesarar under aksjonen.
Bibelen vert lese både på Gol Bedehus og på Kyrkjestugo i Hemsedal. Bibellesinga og arrangementa er for heile Hallingdal.
Me har utfordra personar både innanfor politikk, kyrkje, skule og media om å vera med som bibellesarar. Blant dei som har sagt ja til å vera med er: fleire av ordførarane i Hallingdal, biskopen i Tunsberg og generalsekretæren i Kirkenes Verdensråd.
Gjennom aksjonen ynskjer me òg markere at me tilhøyrer ei verdsvid kyrkje. I tillegg til at Normsjonsforeingane er utfordra til lesing, har me òg utfordra Den norske kyrkja, Pinsemenighetene, Frelsesarmeen og andre. I løpet av Bibelmaraton vil delar av tekstane bli lest på ei rekkje andre språk: bl.a. hebraisk, gassisk, aseri og swahili.
Under aksjonen vil det bli ei rekkje arrangement der Bibelen vert sett i fokus: foredrag, sangstund, quizkveld, ungdomskveld og open kafeteria alle dagar. Norli bokhandel på Gol vil ha ei bibelutstilling og biblar til sals.

For Normisjon og Acta
Marianne Juven Munkejord
Leiar for Normisjon i Hallingdal

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS