Gol kommune kjøper seg inn i næringshage.

Torbjørn Rustberggard har tilbydd Gol kommune å kjøpe hans aksjar i Hallingdal næringshage og formannskapet slår til på tilbodet.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 24.10.2014 10:04

Torbjørn Rustberggard har tilbydd Gol kommune å kjøpe hans aksjar i Hallingdal næringshage og formannskapet slår til på tilbodet.

Her er rådmannens vurdering av saka:

Styret i Hallingdal Næringshage har ynskja ei sterkare involvering frå kommunane i Hallingdal, særleg frå vertskommmunen Gol. Ordføraren i Gol blei nyleg vald inn som nytt styremedlem i selskapet. Dersom Gol kommune vedtar å gå inn på eigarsida i Næringshagen, vil dette vere eit strategisk motivert kjøp, snarare enn eit økonomisk motivert kjøp.

Næringsplan for Gol kommune vil ikkje bli endeleg vedtatt før i same møte som denne sak skal bli behandla, men det er likevel grunn til å sjå på forslaget til næringsplan når ein skal ta den strategiske vurderinga som må bli gjort i forbindelse med eit eventuelt kjøp av aksjar.
Ei viktig målsetting er å styrke Gol som regionsenter, skule- og kompetansesenter, kollektivt transportknutepunkt og med framtidig bystatus. For å nå denne målsettinga vil det vere eit viktig tiltak å utvikle møteplassar, kor det offentlege og næringslivet kan dyrke eit samarbeid. Samansetninga av eigarar i Næringshagen gir eit godt grunnlag for å vidareutvikle Næringshagen som ein slik møteplass. Bygget er sentralt plassert i Gol, og ein finn fleire sterke etablerte fagmiljø der. Gol kommune skal i fyrste rekke legge til rette for næringsutvikling i kommunen gjennom klok arealplanlegging, rask og god saksbehandling og ei positiv og fleksibel haldning til næringslivet. I tillegg ynskjer Gol kommune å vere sentral i nettverksbygging, nyskaping og utvikling av næringslivet. Det er administrasjonen si vurdering at eit strategisk eigarskap i Hallingdal Næringshage as vil vere med på å bidra til dette.
Rådmannen si innstilling:
1. Gol kommune kjøper Torbjørn Rustberggard sin aksjepost på 4,48% (86 268 aksjer) i Hallingdal Næringshage as. Til kr. 1,33 per aksje.
2. Ordføraren blir gitt fullmakt til å signere kjøpsavtale.
 

Saka går no vidare til kommunestyret for endeleg vedtak

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS