Fullt trykk for Fv. 50

Aurland formannskap tok turen til Hol torsdag i hovudsak for å drøfte Fv 50 og vinteropning.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 28.08.2014 16:06

Aurland formannskap tok turen til Hol torsdag i hovudsak for å drøfte Fv 50 og vinteropning.

Ordførar Tony Kjøl seier til RH at Aurland formannskap var svært postive til Fv 50 og vil saman med Hol legge fullt trykk for denne vegen framover.Ordføraren i Hol er svært glad for at formannskapet i AUrland viser sterkt engasjement for vegen og det fyrste som skjer no er at Aurland formannskap kallar inn til eit møte i Aurland med alle som har interesser i vegen. Det vil også bli sendt ei felles melding frå formannskapsmøtet i Hol torsdag og det blir fullt trykk mot fylkeskommunen i Sogn og Fjordane som har varsla at dei kanskje ikkje har pengar til vinteropen veg.  
Etter det ordføraren i Hol erfarer er det sikra midlar komande vinter, men han er meir oppteken av framtida for vegen.

Meir i fredagsmagasinet 29.8.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS