Vegvesenets prosjekt i Hallingdal dei næraste 10 åra.

Statens vegvesen sin plan for riksvegane dei neste ti åra er kunngjort og litt skal no skje i Hallingdal også dei næraste åra.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 23.09.2013 16:13

Statens vegvesen sin plan for riksvegane dei neste ti åra er kunngjort og litt skal no skje i Hallingdal også

Planen viser investeringane på dei ulike strekningane framover og gjeld riks - og stamvegar og ikkje fylkesvegar, dei er det fylkene som må finne pengar til. Planen viser at det no blir satsa ekstra sterkt på oppgradering av tunnellar. Ein liten titt på dokumentet viser at Trøoundergangen er finansiert med 40 millionar kroner i 2014, Tilrettelegging for gåande og syklande viser 25 millionar til strekningen Trøim - Holde bru fordelt på 2016 og 2017. Under posten trafikksikringstiltak er det ført opp 12,4 mill på strekningen Venås - Støyten i 2015, diverse tiltak mellom Ørgenvika og Gulsvik har 46 millionar i 2016 og 2017. På strekningen Flå - Kjerringvika er det sett av 15 millionar til trafikksikringstiltak i 2014.  Under posten miljøtiltak er det sett opp 12 millionar til villreinkryssing ved Skiftesjøen og eit behov etter 2017 på 26 millionar.Posten servicetiltak inneheldt døgnkvileplass på Gol i 2016 og 17 med 12 millionar, rsteplassar ved Gulsvik og Tuve med 5,5, millionar dei same åra. Kollektivterminal på Geilo er ført opp med 4 millionar i 2017.  Du kan lesa heile programmet her:  http://www.vegvesen.no/_attachment/528035/binary/850434?fast_title=Handlingsprogram+2014-2017%282023%29.pdf








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS