Konkurs eller refinansiering?

Hemsedal bioenergi as har brukt opp aksjekapitalen.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 19.02.2013 16:15

Hemsedal bioenergi as har brukt opp aksjekapitalen.

Hemsedal kommune er ein av eigarane i Hemsedal bioenergi as og formannskapet skal komande veke vurdere om dei skal slå selskapet konkurs eller vera med på ei refinansiseringpakke. RÅdmannen legg saka fram utan innstilling:

Her er rådmannens vurdering:

kommunen er med vidare no, men på sikt bør det vera eit mål at kommunen avviklar eigarskapen sin i Hemsedal Bioenergi.

Rådmannen si innstilling:

Saka leggjast fram utan innstilling.

 

Refinasieringa er tenkt gjennom slik: Skistar AS, Hallingdal Bioenergi og Hemsedal kommune går inn med tilsaman 3.000.000,- i ny aksjekapital. Eksisterande aksjekapital blir nedskrive til kr 0. Aksjonergjelda skal gjerast om til AS kapital, slik at det blir sett inn kr 1.139.000 i friske pengar. Samtidig har Sparebank1Hallingdal Valdres kome med tilbod om fortsatt avdragsfritt lån til gunstig rente inntil selskapet har den naudsynte økonomien til å kunne betala lånet på vanleg måte.

For Hemsedal kommune kan ny aksjekapital gjeras opp ved att kr 315.000 vert betalt inn no, og henta frå Enøk fondet. Restsummen som er leverandørgjelda som Hemsedal Energi har til Hemsedal Bioenergi AS vert betalt ved mellomrekning på kommunen sit uttak frå Hemsedal Energi på forvaltninga av andels- og konsesjonskrafta vår. Dette må gjerast etter avtale mellom Hemsedal Energi og Hemsedal kommune.

Eit alternativ kan vera at Hemsedal Bioenergi AS blir slått konkurs. I så fall vil aksjekapital og leverandørgjeld vera tapt. Det vil vera uvisse kring kva som skjer med Hemsedal Bioenergi AS, og forholdet til energivilkåret nedfelt i reguleringsplanen. Kan også nemne at pelletsfabrikken i Kleivi er veldig viktig for skogbruket i Hallingdal for å sikre avsetning på massevirke, og at markedet for pellets er ein faktor her. Grøn energi er også eit sals element i reiselivsproduktet vårt.

Dette er berre 2 sidevurderingar i denne samanhengen. Det som må vurderast er grunnlaget for fortsatt drift av Hemsedal Bioenergi AS. Utsiktane for ein betydeleg større leveranse av varme i tida framover er tilstades. Det er gode signal på at det vil skje vidare utbyggingar på Holdebakken og området rundt i åra som kjem. Eigedommane som Faktor eigedom hadde har no fått nye eigarar, og dei signaliserer klare mål om å utvikle området vidare. Det trengs eit leveransevolum på ca. 15.000 kvm nybygg for å drive i balanse ved gjeldande straumpris. For å setja tala inn i ein samanheng , så var planane for utbygging på parkeringsgarasjen på 35.000 kvm.

Leveranse av varme blir betalt med ein liten overpris på summen av nettleige og kraftpris. Dette er ei avtale mellom Hemsedal Bioenergi AS og energikjøpar, men vil bli forlenga inntil vidare.

Ved å gå inn med ca. 315.000 i ny kapital no sikrar kommunen at Hemsedal Energi får dekka si leverandørgjeld, og dette mellomlegget kan avreknast mellom Hemsedal Energi og Hemsedal kommune på kraftuttak over 1 eller 2 år. Det sikrar og vidare drift av Hemsedal Bioenergi AS, noko som er fornuftig med utsiktene til større leveranse. Det er naudsynt at 19








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS