Flå får lokalmedisinsk senter.

Eit samarbeid melllom sterke fagmiljø kombinert med ein villig investor og godt politisk handverk gjer Flå til vinnar enno ein gong.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 01.04.2012 02:05

Eit samarbeid melllom sterke fagmiljø kombinert med ein villig investor og godt politisk handverk gjer Flå til vinnar enno ein gong.

Men politikarane på Ål gjer diverse vriar for å overbevise dei andre kommunane i dalen om at det er på ÅL det lokalmedisinske senteret skal og må vera, har godt politisk handverk av andre politikarar parkert Ål kan det sjå ut for. Det vart natt til sundag klart at eit samarbeid mellom FLå, Nes og HEmsedal har sikra at det lokalmedisinske senteret blir etablert på Flå og Olav Thon bygger det bygget dei måtte trenge. Frå legehald og medisinsk hald blir det overfor RH uttrykt stor tilfredsheit med at det blir denne plasseringa slik at ein slepp dobbeltkøyringa til Ål. No blir det kort veg til Ringerike sjukehus og til andre større sjukehus på Austlandet, og ordførar Buøen seier til RH at det fyrst og fremst er pasienten som det skal takast omsyn til ved slike etableringar, ikkje einskildkommunar sine særinteresser. Han er sjølsagt svært glad for at dette no er i orden, og avslører overfor RH at han og ordføraren på Nes har samarbeidd tett om dette i fleire strengt hemmelege møter.

Også Hemsedal har gitt relativt klar melding om at dette støttar dei og blir med på Flå.

Intervjuet med kommunelege Nils Høva på Nes og ordførar Buøen som vart sendt natt til sundag kjem i reprise i morgonsendinga sundag, og vi vonar å få følgd opp saka med fleire intervju sundag kveld.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS