53 fleire hallingar i 2004.

Folketalet i Hallingdal har auka att siste år - no kryp talet såvisdt over 20 000 igjen.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 25.08.2005 11:54

Folketalet i Hallingdal har auka att siste år - no kryp talet såvisdt over 20 000 igjen.

20 010 personar var det i Hallingdal pr 1.1.05 - ein auke på 53 personar. Auken i folketalet kjem takka vera innflytting - fødselsoverskotet er det dårleg med i dei fleste kommunane. Det er berre 2 av dei som klarer å produsere fleire enn dei taper - Hemsedal med + 4 og Gol med + 8. Flå og Ål har størst fødselsunderskott med 12 i Flå og 11 i Ål. Holhar aminus 2 og Nes minus 3.

Til tross for fødselsunderskott aukar Ål med 14 personar. Det betyr stor nettotilflytting. Størst folketalsauke har Hemsedal med + 33 personar, Nes med 18 og så Ål med 14. Hol og Gol ligg omlag på staden kvil, Hol aukar med 1 person og Gol med 3. Dessverre så må Flå også denne gongen sjå negative tall når det gjeld folketalet. Dei er einaste kommunen med nedgang, dette året på 16 personar.

Så mange bur det i kvar kommune pr. 1..105:

Flå:     1014
Nes:   3485
H.dal  1909
Gol      4375
Ål         4670
Hol      4557

Fleire tabellar finn du her:  http://www.ssb.no/folkendrhist/tabeller/

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS