Stor suksess med grønn mur.

Hallingtorv på Torpo har hatt stor suksess med Grønn mur - og no står Norden og Europa for tur.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 11.08.2005 15:26

Grøn mur brukt som støyvoll.
Hallingtorv på Torpo har hatt stor suksess med Grønn mur - og no står Norden og Europa for tur.

Saman med Buskerud vegvesen og SINTEF har Hallingtorv dei siste åra arbeidd med å utvide bruken av Hallingtorv, som mange kjenner som eit produkt brukt til torvtak. Etter at nokre prøveprosjekt no er gjennomført, har interessa for dette produktet berre auka, seier Løstegård ved Hallingdal hytteservice til RH. Det er berre positive tilbakemeldingar frå dei stadene der har vorte brukt, og Hallingdal hytteservice er no i ferd med å koma inn på marknaden over heile landet når det gjeld bruk som støyvoll langs riksvegane. Det er også interesse for produktet i SVerige og Danmark, og Løstegård ser ikkje bort frå at det på litt sikt blir aktuelt også å gå inn i den europeiske marknaden. Kravet om miljøvennlege produkt blir ikkje mindre i tida framover, og dette produktet ligg på mange måtar i forkant.

Meir om produktet finn du på www.hallingtorv.no

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS