Nedre Ål vidare

Tysdag kveld var det Nedre Ål og Nes som møttest til dyst i Kven veit mest tevlinga på Radio Hallingdal.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 05.01.2011 12:43

Vinnarlaget: Lars Gunnar Frydenlund, Sigrid Stenberg Halstensgård og Andreas FRøyen DIderiksen.

 

Tysdag kveld var det Nedre Ål og Nes som møttest til dyst i Kven veit mest tevlinga på Radio Hallingdal.

Tevlinga er den tredje siste i innleiande runde og sjøl med eit svært entusiastisk publikum som støtte, klarte ikkje Nes å hamle opp med Nedre Ål sitt lag. Tevlinga var jamn svært lenge, men Nes var litt uheldig med valg av svaralternativ eit par gonger mens Ål valde rett, og det forspranget klarte ikkje Nes å ta innatt sjøl om dei kjempa tappert til siste svar.

Neste runde er komande tysdag då Gol og Geilo møtest til dyst kl. 2000.

Gårsdagens tevling høyrer du i reprise onsdag kl. 1500

 

Nes 2: Mari ANdersen, Malin Aannestad, Ørjan Bråthen.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS