Fem idrettsungdomar frå Hol hjå Kongen.

Torsdag ettermiddag var det stor mottaking hjå Kongen for alle OL deltakarane og fem idrettsungdomar frå Hol kommune var der.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 30.09.2010 21:48

Klare for slottet: Christoffer F Rukke, Hege Bøkko, Håvard Bøkko
Torsdag ettermiddag var det stor mottaking hjå Kongen for alle OL deltakarane og fem idrettsungdomar frå Hol kommune var der.

Det vart sett stor stas på alle OL heltane frå sist OL ved mottakinga som ikkje var av det mest formelle slaget, men med relativt laus snipp, nok av kanapeer og god drikke og eit idrettsinteressert kongepar. Håvard og Hege hadde ein viss erfaring med å besøke Slottet då dei var bedt dit for nokre veker sidan i samband med offisielt besøk av den det nederlandske kongeparet. Då var det gallamiddag.

Også snøbrettkøyrarane Roger Kleivdal og Jocakim Havikhagen var med på besøket, men desse har me dessverre ikkje bilde av.

Høyr intervju med to av dei kongebesøkande i fredagsmagasinet 1.10.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS