Riksantikvaren: Stolsvassdammen unik i verdssamanheng.

Riksantikvaren hadde måndag befaring på Stolsvassdammen saman med representantar for NVE og E-CO energi
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 27.09.2010 22:29

Den gamle Stolsvassdammen bak den nye. Foto: E-CO vannkraft
Riksantikvaren hadde måndag befaring på Stolsvassdammen saman med representantar for NVE og E-CO energi

E-CO vannkraft har varsla at dei kjem til å søke om å få rive nesten heile den gamle dammen. Seksjonssjef hjå Riksantikvaren, Aleksander Ytteborg seier til RH etter befaringa og møtene måndag at Stolsvassdammen er unik i verdssamanheng - ingen andre stader er det bygd dammer med same konstruksjonen. Dette kanskje mest fordi ingen fann det rett å bygge ein slik dam til då det tidleg vart reist tvil om den type damkonstruksjonar og ingen ville bygge ein tilsvarande. Om det faktum at den er unik i verda er nok til å frede den, er like usikkert som før. Dagens møter og befaring var i følge Ytteborg svært nyttig for alle partar, og E-CO skal no laga fleire rapportar omkring til no ukjente problemstillingar som vart tekene opp i dag. I løpet av hausten vil sannsynlegvis søknaden om riving koma, og då er Riksantikvaren høyringsinstans og vil i den samanhengen koma med si tilråding om freding eller ikkje.

Høyr intervju med Ytteborg tysdag i På Heimveg kl. 1500.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS