Vellykka sommarkveldar i Hol gamle kyrkje.

Sommarkveldane i Hol gamle kyrkje har så langt samla fulle hus og sist onsdag var det lokale krefter som sto for musikken.
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 15.07.2005 15:15

Lisbeth Haraldsen imponerte på toraderen. Foto: I.M.Medhus

Sommarkveldane i Hol gamle kyrkje har så langt samla fulle hus og sist onsdag var det lokale krefter som sto for musikken.

Utøvarane som sto for musikken denne kvelden hadde vide spenn i alder og erfaring. Den yngste var Jorun Grøgard frå Hovet og den eldste Per Lilleslett også frå Hovet - begge på fele i samspel og solospel. Kari Drønen og Eldbjørg Nedrestøl let oss høyre vakre stev og viser mens Lisbeth Haraldsen let publikum får høyre koss ein torader kan trakterast! Det var ikkje for ingenting at ho vann landskappleiken på torader i sin klasse!

Siste konserten i sommarkveldserien går komande veke då organinsten i Hol kommune,Ahmad Mirzayev,har ansvaret for konserten. Haner ein svært dyktig pinanist og har med seg mor si, Rana Ahmadova, som også er pinanist. Dei skal spela både piano og trøorgel og her vil det bli servert både Grieg, Debussy og Gershwin. I tillegg skal Ahmad også synge folketonar frå Aserbadsjanog spela på det aserbadsjanske strengeinstrumentet ”sas”. Og som alltid kan du kose deg med gommokaku og lefsekling med drikke attår på kyrkjebakken etterpå. Konserten startar kl. 21.00 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS