Bygging av grisehus byr på problem.

Ein bonde i Kvisla planlegg å bygge eit grisehus for smågrisproduksjon, kommunen ber om at det blir vurdert alternative plasseringar.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 26.07.2010 15:41

Ein bonde i Kvisla planlegg å bygge eit grisehus for smågrisproduksjon, kommunen ber om at det blir vurdert alternative plasseringar.

Det planlagte bygget blir om lag 875 m2 og det er kome to nabomerknadar til planene og det er gjennomført befaring på området. Det er fyrst og fremst luktplager som er problemstillinga i saker som gjeld grisefjøs. Kommunelegen skriv i sitt brev til byggesaksbehandlaren i HOl kommune om at kommunen ut frå føre var prinsippet at han ber kommunen vurdere alternativ plassering av grisefjøset som gjer at eventuelle luktplager i forhold til naboar blir redusert. Det vart  under befaringa peikt på plassering ved Kvislatun.

Viss plan og byggesaksavdelinga ikkje følgjer denne henstillinga frå kommunelegen, vil han måtte greie ut dei helsemessige ulemper som er knytta opp til etablering av grisefjøset med heimel i kommunehelsetenestelova.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS