Nye eigarar av Hol pensjonat.

Ein ærverdig gamal bygning i Hol har fått nye eigarar
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 11.06.2010 22:00

Ein ærverdig gamal bygning i Hol har fått nye eigarar

Hol pensjonat som ligg like ovanfor Hol gamle kyrkje er ein bygning med lang og innhaldsrik soge. Butikk, skreddar, tannlege,bank, skysstasjon og overnattingsbedrift, også ei tid kalla Hol hotel. Etter at Asle og Rønnaug Myro gav seg, har pensjonatet vore eigd av Normisjon, men no er det selt til Ola Vaagan Slåtten og sambuar Ingeborg Fosvold. Dei overtok pensjonatet 7. juni og vil i følge ein søknad til Hol kommune, drive pensjonatet vidare i same tradisjon som overnattings og selskapslokale. Dei tek sikte på å laga husvære for seg sjøl i eine etasjen, og har søkt om tilskott frå Hol kommune tiltaksfond i høve oppstarten.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS