Siv Jensen på Hallingplast.

Steinar Tragethon kunne fredag ønske enno ein rikspolitiker velkommen til Hallingplast i Kleivi og Siv Jensen vart like imponert som forgjengarane.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 16.04.2010 14:46

Stainar Tragethon viser Siv Jensen omkring på Hallingplast..
Steinar Tragethon kunne fredag ønske enno ein rikspolitiker velkommen til Hallingplast i Kleivi og Siv Jensen vart like imponert som forgjengarane.

Saman med folk frå lokalpartia i Ål og Hol samt frå fylkespartiet og partikontoret i Oslo fekk Siv Jensen ein grundig orientering om Hallingplast og kva den har utvikla seg til. Så var det omvising i bedrifta og Siv Jensen viste stor interesse for det som skjedde og var stadig frampå med spørsmål.  Ho sa etter omvisinga at ho var storleg imponert over kva denne bedrifta hadde fått til i distrikts Norge, og  understreka at den store utfordringa for denne og mange andre bedrifter er samferdsel - ho karakteriserte vegen fram hit som ein krøttersti.

Seinare fredag møtte ho Brusletto knivfabrikk og turistnærnga før ho i laurdag skal tala på eit ope møte på Geilo samfunnshus.

INtervju med Siv Jensen i fredagsmagasinet.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS