Hallingdal gjenbruks - og aktivitetssenter i Kleivi.

Regionrådet skal fredag ta stilling til om det skal etablerast eit gjenbruks - og aktivitetssenter i Kleivi næringspark.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 29.10.2009 14:43

Regionrådet skal fredag ta stilling til om det skal etablerast eit gjenbruks - og aktivitetssenter i Kleivi næringspark.

Saka har vore i REgionrådet tidlegare, mars 2008 og no kjem den attende på bakgrunn av positive tilbakemeldingar tidlegare i prosessen. Det er Vinn Hallingdal og Hallingdal renovasjon IKS som saman no søkjer Regionrådet om midlar til å etablere senteret samt eit årleg driftstilskot på brutto 1,3 millionar.

Tilbodet skal vera eit tilbod til folk som treng ein arbeidsplass inntil dei kan koma attende til vanleg arbeidsliv att, og det er teke sikte på 10 heildagsplassar og 2 tilsette tilretteleggarar. Dei vil kunne tilby tenester til bedriftene i Kleivi og dei skal etterkvart utvikle ein gjenbruksstasjon med utsalsstad i Kleivi,. Det heile er i fyrste omgang tenkt som eit 3 årig prosjekt og regionrådsleiaren tilrår at det skal bli ein del av renovasjonsordninga til Hallingdal renovasjon IKS.

Forslaget vart vedteke samrøystes på møtet i Regionrådet fredag og blir no lagt over i styret for Renovasjonsselskapet for vidare handtering,








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS