18 innsigelsar frå Miljøvernavdelinga.

Kommunedelplanen for Geilo har vore på høyring og ikkje minst Fylkesmannens miljøvernavdeling har sterke meiningar om saka og brukar innsigelsen sin 18 gonger.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 28.09.2009 14:17

Kommunedelplanen for Geilo har vore på høyring og ikkje minst Fylkesmannens miljøvernavdeling har sterke meiningar om saka og brukar innsigelsen sin 18 gonger.

I tillegg har Statens vegvesen innsigelse på 3 punkt så her er det duka for mange og kanskje vanskelege forhandlingar.

Miljøvernavdelinga har motsegn til blant anna at det manglar bestemmelsar for leikeareal til barn og unge, dei vil stoppe område 2 Fossgårdfeltet frå å bli større då det vil redusere eksisterande grøntområde mot Ustedalsfjorden. Dei vil ha områdeplan for reiselivsbedrifter og alpinanlegg i Vestlia før det blir sett i gang detaljplanlegging. Aktivitetsanlegg med kabelbane i Ustedalsfjorden vil øydeleggej eit våtmarksområde med raudlisteartar.  Vidare utbygging av Åsremmen vil han setja ut på grunn av den venta felles fylkesdelplanen for Hardangervidda m.m.

Du kan lesa heile dokumentet  her:








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS