Hemsedal til topps!

Finalen i Kven veit mest vart eit svært jamt oppgjer, men Hemsedal viste seg å vera sterkast.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 10.06.2009 16:49

Ingrid Wøllo, Jesper Taaje, Håvard Ulsaker. Foto: Jan Andre Asak
Finalen i Kven veit mest vart eit svært jamt oppgjer, men Hemsedal viste seg å vera sterkast.

Det var skarpskodde lag som møttest i finalen. Hemsedal markerte seg tidleg med å ta leiinga sjøl om den ikkje var stor - serleg Nedre Ål følgde tett på heile tida, og var i leiinga når tevlinga var halvvegs, men berre med eit halvt poeng.  Men like til siste spørsmål var det så tett at både HEmsedal og Nedre Ål kunne vinne, men Hemsedal og Nedre Ål fekk like mange poeng i siste runden og dermed vann HEmsedal med 34,5 mot Nedre Ål sine 31 poeng.  Nes kom litt på etterskot i siste halvdelen og enda på bronseplass med 26 poeng.

 

.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS