Thon droppar Flå - har fått innpass i Ål.

Mange års konflikt mellom Olav Thon og ein del politikarar på Ål er over og Olav Thon flytter investeringane frå Flå til Ål.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 01.04.2009 00:01

Mange års konflikt mellom Olav Thon og ein del politikarar på Ål er over og Olav Thon flytter investeringane frå Flå til Ål.

Det er ein godt kjent sak at einskilde politikarar i Ål av såkalla sentral art, ikkje har stått høgt i kurs hjå Olav Thon etter ei avgjersle i ei eigendomssak i Ålsfjella. Mange har hevda at dette kan vera noko av årsaka til at Thon har satsa mykje mange andre stader unntatt i Ål.
Siste månaden har det vore fleire møter mellom ordføraren i Ål og representantar for Olav Thon selskapa for å løyse opp i desse gamle konfliktene, og etter det RH har grunn til å tru, er det no fullt gjennomslag og alt blir som det var før den omtalte eigendomssaka.  Olav Thon droppar alle investeringane i Flå og får no for fullt inn i Ål. Han tek det økonomiske ansvaret for vidare utbygging av Ål kulturhus og blir medinvestor i både Etterlidbygget på Sundrejordet og i Sonerudbygget på Gartneritomta. Men det viktigaste for Thon er at Ål kommune vil gå inn for ei omregulering av området sør for Hallingdalselva der ein i dag finn Ål kjøpelag, Hallingdal Billag og ein del andre bedrifter. Her vil Thon ha regulert inn luksusbustadar i 4 etasjar blanda med eksklsuive kontorbygg. Suksessen med Papirbredden i Drammen er inspirasjonen for desse planane som Thon reknar med full oppslutning om hjå politkarane i Ål, noko ordførar Dalseide meir eller mindre stadfester overfor RH tidleg onsdag morgon. Ordføraren er svært glad for at Thon no er på full fart innatt i barndomsbygda si med både pengar og kompetanse og han legg ikkje skjul på at han har svært stor forventingar til satsinga på sørsida av Hallingdalselva.

Det har ikkje lykkast for RH å få kontakt med ordføraren i Flå om denne saka, men får godt informert hald blir det meldt at det er kalla inn til omframt kommunestyremøte i Flå Skjærtorsdag kl 12 for å drøfte den alvorlege situasjonen Flåsamfunnet no brått er kome opp i. Den blømande optimismen er no snudd til djup fortviling, og det er venta svært sterke reaksjonar overfor Ål kommune som etter velinformert hald si meining her har gått ufint fram.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS