Ny barnehage for Geilo på Lund?

RÅdmannen har enda opp med å tilrå at ny barnehage på Geilo blir bygd på Lundjordet, men det må nye reguleringar til,
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 21.01.2009 22:36

RÅdmannen har enda opp med å tilrå at ny barnehage på Geilo blir bygd på Lundjordet, men det må nye reguleringar til,

Det er tidlegare vedteke at det skal byggjast ein 5 avdelings barnehage på Geilo, men kor hen har vore usikkert. Mange forslag har vore framme og til slutt har rådmannen hamna i valet mellom Storerundet og Lund gård.  Det omtalte avtalen mellom HOl kommune og eigarane av Lauvrud inngått for mange år sidan viser seg å vera sterk nok til at rådmannen ikkje går inn for å leggje nokon barnehage der. Han rår til at Lund gård blir valt, men vil framleis ha ein opning for utviding av eksisterande barnehage. Komande forhandlingar vil avklare meir i så måte. For Lund sin del må nytt planarbeid i gang då noverande plan ikkje har avsett arealt til 5 avdelings barnehage.

Kommunestyret skal ha saka neste veke.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS