Håvard historisk skøytemester.

Oscar Mathisen greidde noko liknande, men Håvard har i helga klart det som ingen norsk skøyteløpar har gjort før han.
Sport
Knut Medhus
Publisert : 21.12.2008 18:39

Oscar Mathisen greidde noko liknande, men Håvard har i helga klart det som ingen norsk skøyteløpar har gjort før han.

Ved å vinne alle fire distansane i eit skøyte NM for andre gong på rad, går Håvard Bøkko inn i norsk skøytehistorie som den fyrste som har klart den bragden.

 

Foto: De tre beste: Sverre Haugli, HåvardBøkko og Tore Solli på pallen

 

 Og for ein maktdemonstrasjon!
Sundagens 10 000 meter er i følge Peter Mullers uttale til RH det mest gjennomførte løpet til Håvard nokonsinne.


Foto: Peter Müller og Håvard Bøkko under 10 000 meteren

 

 

Vinnartida er verdens beste på 10 000 meter på utandørsbane med naturis. No gler Håvard seg ekstra mykje til å møte utlendingane, fyrste sjansen blir midt i januar då det er EM I Heerenveen og så er det VM i Vikingskipet.
                                                                              

Foto: Mesterens målgang på 10 000 

 

 

 

 

 

 

 

Hege Bøkko
Syster Hege sa også klart i frå at her er det både talent og tæl viss nokon skulle ha lurt på det så langt. Ho gjennomførte sin 5000 meter med glans og kunne nok ha fyra på med nokre ekstra krefter viss det hadde vore nødvendig. Og ho er enno junior!!

Foto: Hege får sin bronsemedalje.

 


 

 

Christoffer Fagerli Rukke
Christoffer F Rukke gjennomførte ein god 1500 meter og vart nr 2 etter Håvard, men avstanden fram til klubbkameraten var litt for stor - det er snart sprint NM............
 

Foto: Christoffer lovde at om han kvalifiserte seg til 10 000 meter, så skulle han gå den i bunad. Sikre kilder melder at Rukke først må få sin egen bunad.....men som bildet viser, gikk han med halskluten.

 (Foto: Rita Stavn)

For Gol, Hol og Hallingdal vart årets mesterskap ein siger på mange frontar: Gol gjennomførte eit arrangement til 20 både i stil og innhald, Hol stilte med 3 løparar og det var med med minst ein av dei på kvar einaste sigerspall og sikra seg ikkje uventa årets mester!

For resultat sjå her:  

http://www.glitre.net/index.htm

 

 

 

 

 

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS