Torpo vidare.

Etter lengre tids uavgjort tok Torpo skule siste stikk i Kven veit mest? tysdag kveld
Kultur
Rita Stavn
Publisert : 07.01.2009 11:30

Etter lengre tids uavgjort tok Torpo skule siste stikk i Kven veit mest? tysdag kveld.

Begge laga sleit litt med å koma i gang med poengsankinga, men det løsna etterkvart, og etter at FLå hadde leia ei stund, var det dødt løp fleire gonger utover i konkurransen. Like til siste spørsmål kunne begge lag ha vunne, men Torpo viste seg å vera den sterkaste når det galdt å finne ut kvar i verda fire ulike sportsarenaer var plassert. Dermed vann dei med 3 poeng føre Flå og der dermed klare for kvartfinalen seinare i vinter.
Ny tevling komande tysdag kl. 20 der Leveld møter Holet skole.
Tevlinga mellom Flå og Torpo kan du høyre i reprise kl. 15 onsdag.

Det gjenstår  to innledende runder etter jul  - du finner mer her:
Kven veit mest?

 

Vinnarlaget frå Torpo: Eilev Stoveland Dekko, Vetle Risdahl Liahagen(reserve), Stian Intelhus Bøhn, Oda Jensen Gåsvik.

 

 

 

Laget fra Flå skole: 
Fazel Ghafoor Niazi, Daniel James Whiting, Erling Pettersborg Holmen og Sandra Alonso Tojos Andersen.
 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS