Bygging av pelletsfabrikken i gang.

Tomta er rydda og gravemaskinene er i gang på det som er den største industrisatsinga i Hallingdal nokon gong.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 27.05.2005 15:21

Tomta er rydda og gravemaskinene er i gang på det som er den største industrisatsinga i Hallingdal nokon gong.

RH køyrde innom tomteområdet i Kleivi fredag og det er eit enormt område som skal hyse den framtidige pelletsfabrikken. RH Maskin frå Ål har fått arbeidet med å grava ut og klargjera tomta, og dei er no i gang med 2 gravemaskiner og ein dumper og kvist og kvas som før har vakse på tomta, er no knust til flis gjennom Hallingdal renovasjon sitt system.
Verken dagleg leiar eller Gudbrand Gulsvik frå Hallingdal skogeigarforening har vore tilgjengeleg for ytterlegare opplysningar i dag, men det er grunn til å rekne med at for skogeigarane i Hallingdal er det stort å konstatere at no er prosjektet som skal ta unna det som før var problemvirke, i gang.
Etter det RH har grunn til å tru, er kostnaden med prosjektet auka for å gjera det mogleg å ta i mot all slags trevirke, også bygningsavfall for å gjera det om til pellets. Samla kostnad no er om lag 50 mill så langt RH kjenner til.

 

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS