Lensmannsgården skal utvidast.

Stølen eigendom skal utvide lensmannsgården på Gol og ber om å få nytte kommunal grunn
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 12.09.2008 20:31

Stølen eigendom skal utvide lensmannsgården på Gol og ber om å få nytte kommunal grunn

Politietaten er i organisatorisk utvikling som gjer at dei krev meir plass for å kunne drive på forsvarleg vis, og Stølen eigendom vil bygge ut eigendomen, men treng då også å nytte seg av naboeigendomen som Gol kommune eig.  Rådmannen er positiv til at dette blir gjort og rår politikarane til å gjera slikt vedtak:

Formannskapet ser positivt på disponering av kommunalt areal i forbindelse med den fremlagte planen frå Stølen Eigedom AS, om tilbygg til lensmannsgården.

 

Det blir forutsatt at Stølen Eigedom utarbeider reguleringsplan for området, herunder kommunens areal, gnbr 10/89 og gnbr. 10/81.

 

Det er ein føresetnad for disponeringa av det kommunale arealet at det blir etablert parkering under bakken, samt at kommunen behalder same antall parkeringsplassar som tidlegare.

 

Ved ei eventuell avhending av eigedom skal vederlag baserast på avholdt takst. Dette kan eventuelt sjåast i samanheng med samarbeid om parkeringshus.

 

Formannskapet ser positivt på eit mogleg samarbeid om parkeringshus. Gol kommune sitt bidrag i samarbeidet må avgjerast i eigen sak.

 

Sak om eventuelt sal av eigedommen og prisfastsettinga skal fremmast i eigen sak.

 

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS