Vil Buskerudpolitikarane egentleg fjerne nynorsken?

Buskerud mållag stiller store spørsmål om den egentlege grunnen til at fleirtalet i hovudutvalet for utdanning vil ha valfritt sidemål i Buskerud.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 23.05.2005 11:32

Buskerud mållag stiller store spørsmål om den egentlege grunnen til at fleirtalet i hovudutvalet for utdanning vil ha valfritt sidemål i Buskerud.

Mållaget har no sendt eit brev til fylket der det blant anna heiter at dei finn det merkeleg at dei vil ha forsøk med valfritt sidemål i Buskerud før forsøka i Oslo er gjennomført og evaluerte. Dei meiner målet må vera å gjera sidemålsundervisninga betre og at forsøka som er i gang må evaluerast av fagfolk, noko som har vore vanskeleg å få til så langt.
Mållaget stiller spørsmål om hastverket til fleirtalet i hovudutvalet for undervisning tyder på at det ikkje er betre undervisning i nynorsk dei vil ha, men at dei er ute etter å fjerne nynorsken totalt. Dei ber derfor politikarane tenkje seg godt om og ikkje så lett gå på limpinnen til dei som har andre motiv enn å gjera sidemålsundervisninga i bokmål og nynorsk betre, heiter det i brevet til Buskerud fylke frå Buskerud mållag.







Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS