Det virkar!
Kontroll i Sørgrenda: Kjell Mykkeltvedt, Hans Vidar Nestegard, Torstein Seim , Per Ivar Thorset frå Veidekke |
Veidekke as som er hovudentrepenør for Sørgrenda leilighetene viste seg å ha alt i den beste orden både papirmessig og når det galdt handtering av ulike avfallsfraksjonar. ANleggsleiar Per Ivar Thorset seier at det er heilt greitt å bli kontrollert for reglane er klare og skal følgjast av alle.
Aksjonen som HOl kommune har gjennomført starta med brev til 600 næringsdrivande med spørsmål om dei hadde avtaler i forhold til levering av avfallet og etter ei purring kom det inn godt 500 svar. Langt frå alle har hatt alt i orden, men Hallingdal renovasjon melder om at det har vore tildels stor trafikk frå bedrifter i Hol om å få avtale om avfallslevering og søppelmengda i kommunale kontainarar har minka betrakteleg - dei har av mange vorte brukt som mottakar av næringsavfall, noko som ikkje er tillatt. SÅ langt har ingen vorte anmeldt, men dei somligg tynnast an i så måte er dei som måtte finne på å brenne avfallet på byggeplassen. Det betyr anmelding uansett. Og kontrollen er på langt nær over - den vil pågå kontinuerleg seier Kjell Mykkeltvedt i Hol kommune.