Vestliabjørnen i Ustedalen?

Ei kvinne frå Geilo kom for eit par dagar sidan over spor som peikar klart mot at det har vore bjørn i området ovanfor Tuftelia i Ustedalen.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 29.09.2006 21:13

Ei kvinne frå Geilo kom for eit par dagar sidan over spor som peikar klart mot at det har vore bjørn i området ovanfor Tuftelia i Ustedalen.

Kvinna var på bærtur og kom fyrst over ein større bit avføring som ho meinte likna på avføring frå bjørn. Like etterpå fann ho eit stort spor i veggrusen som etter hennar vurdering ikkje kan anna vera enn eit bjørnespor. Ho gjekk attende til bilen og fann eit eingongskamera ho hadde med seg og fekk teke bilde av sporet, som var så stort at heile handa vart borte i det. Poliitet og rovdyrkontakt er varsla, men eit par større regnskyll har nok fare hardt med spora.

For ein del år sidan var det mange som meinte at ein bjørn overvintra i same området.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS