Føler seg uthengt av ordføraren i Hol.

Finn Greve Isdahl er av dei som har kjempa mot utbygginga på Ustaoset og føler seg hengt ut i lokalavisa gjennom uttaler frå ordførar Kaupang.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 23.06.2006 19:14

Foto: Hol kommune si nettside.
Finn Greve Isdahl er av dei som har kjempa mot utbygginga på Ustaoset og føler seg hengt ut i lokalavisa gjennom uttaler frå ordførar Kaupang.

I eit brev til ordføraren av 15. juni uttrykker Greve Isdahl stor undring over at ordføraren som øverste politiske leiar kritiserer han offentleg i avisa.  Han strekar under at hans protest mot utbyggingsplanane på Ustaoset ikkje berre er av eigeninteresser, men på vegner av mange i området. Greve Isdahl føler seg uthengt som ein urimeleg egoist. Han har også arbeidd to år som styreleiar for utbygginga gjennom Ustaoset avløpsselskap as og i følge brevet lagt svært mykje ekstra reiser og tid i dette prosjektet som er til fellesskapets glede og gavn. 
Isdahl avsluttar med at han hadde sett stor pris på ei skriftleg unnskyldning frå ordføraren.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS