Får rive loft og stall.
Fylkeskommunen ville heilst ikkje og rådmannen sa nei, men politikarane sa ja.
Saka galdt ein søknad om å få rive eit loft og ein stall på garden Nedre Gjeldokk i Ål. Søkjaren vil rive for å gi plass til nye hus på garden og så selja dei gamle hus til Heidal der dei skal setjast opp på nytt.
FYlkeskommunen ville ha husa ståande på Gjeldokk, men kunne godtak ei flytting til ein annan stad i Ål kommune, rådmannen sa nei for di bygga står samla og er godt synlege i bygda og dannar kulturhistorisk opplevingsverdi og identitet til tun og landskap.
Politikarane hadde befaring og vart etter ein del rådslaging samde om følgjande vedtak:
Følgjande omforeinte framlegg vart samsrøystes vedteke:
Sektorutval for teknisk, næring og ressurs (STNR) godkjenner med heimel i plan- og
bygningslovas §95 riving av gamal garasje som omsøkt 12.1.10.
STNR godkjenner med heimel i plan- og bygningslovas § 95 vidare riving av gamalt loft og
stall som omsøkt 12.1.10 då verneverdien av bygga er vurdert til middels og at tunet allereie
er endra.
STNR tilrår at bygga ikkje vert seldt ut or kommuna då dei representerer ei opphaveleg
historie til bygda.