Ny offensiv for Hallingdialekten
Daniel Kvammen skal på skulebesøk og fronte dialektbruk.Arkivfoto. Foto: Rita Stavn

Ny offensiv for Hallingdialekten

Hått halling har hyra inn målprisvinnar Daniel Kvammen til å besøke fleire skuler i Hallingdal
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 04.01.2017 14:48
Sist oppdatert : 04.01.2017 15:21

Hått Halling jobbar for å auke kunnskapen om og interessa for  bruk av nynorsk og dialekt blant born og unge i Hallingdal, og har hatt fleire ulike språktiltak gjennom dei tre åra prosjektet har eksistert. Buskerud Mållag, som eig Hått Halling, har tidlegare heidra Daniel Kvammen med Målprisen. 

-Me er svært glade for å ha greidd å kapre Kvammen til ein turne på heimebane midt i den travle innspurten med lansering av ny plate, seier prosjektleiar Heidi Molstad Andreen.

Signaleffekten ved at ein så aktuell og framoverlent artist som Kvammen nyttar hallingdialekt i alle tekstane sine er stor. Kvammen er tydeleg på at det er eit medvite val, og me har difor også utfordra han til å prate om dialektbruk og tekstskriving når han no skal møte dei mange hundre ungdomsskuleelevane i dalen, seier Molstad Andreen.

-Me håpar at konsertane vil vera til både musikalsk og språkleg inspirasjon, og at dei kanskje blir ein ekstra gladpust til dialektvinden som har blåst over landet dei siste åra. Hallingdal har usedvanleg mange flotte artistar som har bidrege til nettopp den, og dei er det sjølvsagt viktig at me lyfter fram lokalt når høvet byr seg slik som no, seier Molstad Andresen.

  

Turnèprogrammet er slik: Tysdag 17. januar Geilo barne- og ungdomsskule og Ål ungdomsskule. Onsdag 18. januar Gol skule og Hemsedal barne - og ungdomsskule. Torsdag 19. januar Nes ungdomsskule og Flå ungdomsskule.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS